Asker museum, Valstads samlinger er eit kulturhistorisk museum i Hvalstaddalen, som på denne staden òg vert kalla Kunstnerdalen, på Hvalstad i Asker kommune, og med avdelingar andre stader i kommunen. Museet er ei avdeling i Akershusmuseet.
Museet har opphav og grunnlag i eit gåvebrev dagsett 9. juni 1949 frå Tilla og Otto Valstad til Asker kommune. Med dette overdrog dei til kommunen eigedomen deira, Øvre Hvalstad, med alt som her var av bygningar, inventar, reiskapar og kunst, alt i alt ei samling på meir enn 3000 gjenstandar som dei hadde samla, inklusive hus dei hadde flytta til eigedomen frå både lokalområdet og frå andre stader i landet. Vilkåret for gåva, som vart gjeve til minne om foreldra til Otto Valstad, var mellom anna at dette skulle verte eit kulturhistorisk museum, og at eigedomen aldri skulle seljast.
Ei gamal løe frå Fusdal på Asker vart i 1991 bygd opp att på museumsområdet på ei ny underetasje i natursteinsmur som skulle etterlikne den grunnmuren løa hadde hatt, og her vart det innreidd utstillingslokale, kafé, museumsbutikk, verkstad, magasin og kontor for museet. Denne løysinga med å blanda gamalt og nytt, vart særs omdiskutert i si tid.
Til den store eigedomen høyrer ein hage i barokkliknande stil med sjeldsynte vekstar, fontene, dyreskulpturar av skulptøren Anne Grimdalen og fint smijarnsarbeid.
[nn]